Psykisk helse i integreringsprogrammet
I vår var vi så heldige å få støtte frå Damstiftelsen til å starte prosjektet vårt “Psykisk helse i integreringsprogrammet”.
I november skal vi ha siste samlinga for elevane med oppfylgingsprosjektet “Psykisk helse – Livsmestring i nytt land” som vi fekk støtte frå Sparebanken Møre til å halde.
Nooshin Zaery frå Bergen har hatt 3 samlingar for elevane som går på Sykkylven Opplæringssenter – vaksenopplæring.
Ho kom sjølv til Norge i 10 års alderen saman med familien sin. Dei hadde då vore på flykt frå Iran via 5 andre land og kom som kvoteflyktningar frå Bangkok til Bergen i 1986. Dette ga både ho og resten av familien ei psykisk belastning som dei ikkje fekk noko hjelp med når dei endeleg kom til eit trygt land.
Før kvar samling har Mental Helse Sykkylven og Nooshin deltatt på lærarmøte der lærarane har fortalt om kva elevane har sagt om kva tema som har vore mest aktuelt å snakke om på samlinga. Nooshin har då tatt for seg forskjellige tema rundt den psykisk helse blant innvandrarane som har deltatt.
Før ferien hadde ho 2 grupper, den eine for dei som har vore her under 1 år og den andre for dei som har vore her over 1 år. Etter ferien vart det danna ei ny blanda gruppe då en del av elevane gjekk vidare i Ålesund.
Målet med prosjekta var at det skal verte enklare og meir vanleg for innvandrarane å snakke om si psykiske helse seg i mellom og at det ikkje er farleg å søke om hjelp om dei slit med vanskelege tankar og følelsar. Det har hittil vore veldig aktive elevar som har deltatt i samlingane på både norsk og deira morsmål både med og utan tolkar då Nooshin sjølv snakkar 5 forskjellige språk.
Nooshin sine tankar etter prosjektet: “Psykisk helse i integreringsprogrammet har vært et utrolig spennende prosjekt. Alle parter har lært veldig mye. I følge tilbakemeldinger ser jeg at mange av elevene har satt stor pris på å ha en samtale rundt psykisk helse og lærerne sier at samtalene har løftet elevene Det har vært et utrolig spennende samarbeidsprosjekt med skolen.
Det er utrolig viktig å kunne snakke åpent når det kommer til psykisk helse blant minoriteter. Det er et tabubelagt tema blant minoriteter. Det har vært et utrolig givende og lærerikt prosjekt. Føler elevene på voksenopplæring har fått utbytte av prosjektet. Håper dette prosjektet kommer til å fortsette fremover siden det er stor behov for det.”