null
20. mar 2019 Mental Helse Sykkylven

Årsmøterapportering for Mental Helse Sykkylven 2019

17. februar, ein søndag ettermiddag møtte 16 av medlemmane i Mental Helse Sykkylven i “Blåsalen” på Brukarkontoret til årsmøte.

Vi hadde besøk av Frode Lyse, leiar i Mental Helse Stranda og Benjamin Vågen, ungdomsrepresentanten frå Mental Helse Møre og Romsdal.

Styreleiar Stig Ålgårdstad ynskte velkommen og leda årsmøtet til møteleiar og møtesekretæren var valt. Frode Lyse tok over som møteleiar og Brit Berge Ringdal vart valt til møtesekretær.

Årsmeldinga, rekneskapen, handlingsplanen og budsjettet vart samrøystes vedtekne. 3 delegatar med vara/observatørar vart valde til å delta på fylkesårsmøte seinare i vår. Benjamin Vågen og Frode Lyse samarbeida om å halde fadderpresentasjonen med informasjon om satsingsområda til fylkeslaget.

Etter årsmøtet vart det servert ein lett kveldsmat og så hadde vi loddsal.

Styreleiar og kasserar var på val på dette året så etter valet hadde dei bytta plass. Dermed består det nye styret no av: Styreleiar Anne Turid Angell Vikstad, nestleiar Tone Lillian Wisth, kasserar Stig Ålgårdstad, styremedlemmar Irene Sundholm, Terje Mikkel Mundal og Frode Wærøy. Vara medlemmar: Fred Ramstad (Ungdomskontakt), Elisabeth Nøringset og Helen Engeseth.

Jobben som no måtte gjerast var å få alle papira klar til rapportering til Brønnøysundregisteret, Mental Helse sentralt og til Mental Helse Møre og Romsdal som er vårt fylkeslag. Då papirarbeidet var gjort og alt var sendt inn så var det berre å vente på at meldinga frå Brønnøysundregisteret skulle kome med beskjed om at endringane vi hadde gjort var godkjende. Den beskjeden kom i dag og då er arbeidet med rapporteringa ferdig for i år.

Flere saker fra Mental Helse Sykkylven