5. mar 2019 Mental Helse Sykkylven

80 års jubilant i Sykkylven

- Gratulerer med 80 årsdagen, Kirsti Brunstad! Vi har ikkje noko formelt æresmedlemskap i vårt lokallag, men dagens jubilant reknar vi som å inneha dette.

ed invitasjon til storslått bursdagsfeiring på Pensjonistsalen måtte sjølvsagt nokre av oss stille opp. Kanskje ikkje eit offisielt oppdrag, men like viktig. Det er ikkje kvar dag eit lite lokallag har 80-års jubilant blant medlemane sine. Noko av det viktigaste i livet er det sosiale i følge Kirsti, og med rundt 90 gjester, familien, nære vener og andre vart det ei verdig feiring av jubilanten.

Men så var det dette med bursdagsgåve då. Kva gir vi til ei som fyller 80 år? Vi måtte spør om det var noko ho ynskja seg, og då fekk vi beskjed om at vi kunne bidra med ei kake, så slik vart det.

Vi har heile tida hatt som mål å få fleire til å delta på sosiale aktivitetar, men har kanskje ikkje gjort så mykje for å få dette til. Men no som Kirsti er aktiv medlem i lokallaget har vi måtta skjerpa oss. Med små enkle tiltak i form av transport og ei hjelpande hand når det trengs, har gjort at ho kunne vore med på mange av aktivitetane våre.

Vi ynskje ho lykke til med den vidare feiringa.

Flere saker fra Mental Helse Sykkylven