I DESSE POLITISKE TIDER TRENGS LITT LÆRDOM
Mental Helse Sykkylven har halde kurs i politisk påverknad og skrive godt. Formålet med kurset var å lære om politisk påverknad og bli betre til å skrive debattinnlegg i media.
Som medlemar i ein interesseorganisasjon har vi eit formål om å påverke politikarane ikring oss, slik at lokalsamfunnet skal fungerer bra og ha plass til alle.
Vi lærte om korleis ein kan engasjere andre til å støtte våre saker gjennom påverknad i forskjellige mediekanalar. På kurset fekk vi lære om å argumentere for saka, korleis ein ordlegge seg godt og riktig utan å såre andre. Kunnskap om kommunenes forvaltingsorgan og rutinar for politiske saker og politiske vedtak vart gjennomgått.
Medforfattar av kursmateriellet vi brukte frå Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA) Leonard Vårdal var invitert til den siste kursdagen. Han gjorde oss verkeleg engasjerte og skapte gode diskusjonar rundt lokal politiske saker. Vårdal ga oss også eit innblikk i korleis ein kan bruke forskjellige kanalar i påverknadsarbeidet. Å ha gode argumentasjonar bygd på fakta og å skape effekt av mot argumentasjonar var noko han la tyngde på. Hersketeknikkar var og eit tema vi fekk innblikk i.
Kurset har vore interessant, lærerikt og skapt mange diskusjonar. Gjennom gruppe oppgåver har vi fått øvd på å skrive innlegg. Kursansvarleg Stig Ålgårdstad har gitt god rettleiing og kome med tilbakemeldingar undervegs i kurset. No gjeld det for oss å våge å skrive gode engasjerte innlegg i media.
- Vi ynskjer oss fleire slike kurs! var beskjeden frå kursdeltakarane.