Bursdagskaka.
29. apr 2019 Mental Helse Sykkylven

15 års jubileum

Søndag 28. april fylte Mental Helse Sykkylven 15 år og det blei feira på Brukarkontoret med varm suppe, kaffi og kaker.

Litt spent var nok arrangørkomiteen på om det vart noko oppmøte, for ute skein sola frå skyfri himmel. Men då vi hadde sett oss til bords, var der 16 medlemmar som hadde møtt opp til bursdagsfeiring. Særs gledeleg var det at 3 av dei også var med på skipingsmøtet for 15 år sidan. Å ha medlemmar som har vore med sidan starten er kjekt, sidan historia til lokallaget då kan fortellast vidare. Det vart servert varmsuppe som gikk ned på høgkant trass i at det vart mange sveitte pannebraskar. Fleire muggar med kaldt vatn måtte til. Etterpå fortalte Stig Ålgårdstad litt om historia til lokallaget gjennom dei 15 åra. Mental Helse Sykkylven har auka medlemstalet jamt og trutt desse åra, og aktivitetsnivået har også auka i takt med talet på medlemmar.

Så vart det tid for bursdagskaker og kaffi. Vi hadde også besøk av Anne-Lise og Mary Kristin frå Mental Helse Ålesund som feira dagen i lag med oss. Då vi hadde forfall til det ordinære programmet, stilte Anne-Lise Mikkelsen Tellnes opp og fortalte litt av historia si. Dette vart ei sterk historie for nokon, men den førte også til god prat rundt bordet om psykisk helse. Dei hadde også med seg gåver til 15 års jubilanten, deriblant ein plakat, eit krus, eit organisasjons skrin og fine ord. Tusen takk for gåvene!

Etter at kakene var fortært blei det loddsal, samt litt tid for leik og moro. Då vart det introdusert og spelt Dartzy, som er ei blanding av dart og yatzy. Dette var nytt for dei fleste, men alle syntest det var artig. Det blei ingen som fekk bonus over streken eller Dartzy (Yatzy), men det var nokon som fekk inn eit par tripplar på dartskiva. Etter at poenga var summert opp blei det kåra ein vinnar. Vinnaren vart Frode Finnøy, som fekk ein fin diplom.

Tusen takk til alle som møtte opp og feira saman med oss.

Flere saker fra Mental Helse Sykkylven