Stig og Nooshin
Stig og Nooshin
21. okt 2021 Mental Helse Sykkylven

Verdensdagen for psykisk helse 2021

Tysdag 19.10.21 arrangerte Mental Helse Sykkylven og vaksenopplæringa i Sykkylven kommune verdensdagsforedrag med Nooshin Zaery Loolani frå sentralstyret i Mental Helse som foredragshaldar.

Stig Ålgårdstad, leiar i Mental Helse Møre og Romsdal starta med å prate litt omkring Verdensdagen og årets tema «Livet under og etter en pandemi, #FølgOpp!» Deretter kom Hanne Støylen som fortalde litt om kvifor Mental Helse Sykkylven og vaksenopplæringa i Sykkylven kommune valde å ha samarbeid rundt årets tema. Dei har fått livsmeistring som eit fag i grunnskulen og vaksenopplæringa og ville ha litt meir informasjon frå Mental Helse og årets tema passa godt inn for deira elevar.

Inngangen
Inngangen

Nooshin fortalde om psykisk helse blant innvandrarbefolkninga.
Ho kom sjølv til Norge i 10 års alderen saman med familien sin. Dei hadde då vore på flykt frå Iran via 5 andre land og kom som kvoteflyktningar frå Bangkok til Bergen i 1986. Dette ga både ho og resten av familien ei psykisk belastning som dei ikkje fekk noko hjelp med når dei endeleg kom til eit trygt land. Dette viser eit system som ikkje gir brukaren nok hjelp til å takle dei ulike utfordringane når dei kjem og som til slutt gir eit meir utfordrande behandlingsforløp når dei endeleg kjem inn i eit av hjelpeapparata våre.

Rollupane våre
Rollupane våre

Nooshin kom til Norge med traume og vonde opplevingar i bagasjen. Ho fann ut i en alder av 21 at ho har dysleksi. På grunn av dysleksien vart det ikkje enkelt å lære seg både norsk og morsmålet sitt. Ho var så lita då dei flykta frå Iran at ho hadde ikkje lært seg språket der, dette gjorde både ho og foreldra frustrerte. Ho opplevde mobbing opp gjennom skuleåra som var ekstra belastande da ho ikkje fekk støtte heime, dette var noko dei ikkje kunne snakke med foreldra sine om på grunn av skam og tabu frå oppdragelsen i kulturen dei hadde vekst opp i.
Når ho vart vaksen vart ho gifta vekk til ein mann frå Iran som ho berre hadde møtt dagen før vigselen. Ho levde deretter i 10 år med vald i heimen, men kom seg til slutt ut da han begynte å mishandle sonen. I 12 år etter at ho kom seg ut av valden, levde ho under intense trugslar og hemnaksjonar. Dei 3 siste åra har ho endeleg fått friheit men lever endå med dei psykiske etterverknadane. På grunn av skam og tabu måtte ho gå gjennom dette åleine. På utsida var dei det perfekt ekteparet, men ingen i familien eller andre trudde på ho sjølv om dei såg blåmerka sidan ho ikkje hadde kunna sagt noko om det i dei 10 åra dei var gift.
Hadde ho vorte fanga opp tidlegare av hjelpeapparatet kunne ho hatt eit heilt annleis liv. Då ho ikkje vart fanga opp og fekk behandla den tunge bagasjen ho hadde samla på, vart belastninga så tung til slutt at ho fekk kroppslege plagar.
I midten av foredraget var det ei pause med kaffe og matservering, kor dei inviterte fekk moglegheit for å styrke nettverket sitt mellom dei ulike hjelpeinstansane i kommunen.

Nooshin med gave
Nooshin med gave

Dei inviterte var blant anna politiet, kommuneleiinga, kommunehelsetenesta og barnevernet. Dei hadde erfaringsutveksling gjennom foredraget, kor dei fortalde om korleis dei jobbar og samarbeider med kvarandre i dei gitte situasjonane som kom fram undervegs. Dei har ikkje ein enkel jobb nokon av dei, til å kunne hjelpe dei som har behov for det på grunn av skam og tabubelagde tema i kulturen til innvandrarane. Ein fekk og eit tydeleg bilete av korleis hjelpeapparatet ikkje skal behandle brukarane som opplever utfordringar i livet.

Deltagere
Deltagere

Flere saker fra Mental Helse Sykkylven