Sumaravslutning, grillmeistrane i aksjon.
Sumaravslutning, grillmeistrane i aksjon.
22. jun 2021 Mental Helse Sykkylven

Då har vi kosa oss i sola

Så klarte vi å gjennomføre sumaravslutning i år også. Litt usikkert var det då vi sende ut invitasjonar, vêrmeldingane var ikkje så bra. Men så kom dagen og sola skein frå klar himmel til dei tretten påmelde og dei to gjestane.

Aktivitetsgruppa som var arrangementskomiteen vår hadde fordelt oppgåvene; smittevern, grillmeister, quizmeister, ryddekomité og liknande. I tillegg hadde vi sjølvsagt hesteskokasting på programmet.

På hovudmenyen stod rømmegraut og grillmat, til kaffien hadde vi iskake. Det var rikeleg med mat, så vi inviterte også nokre ungdomar på stranda til å hjelpe oss å ete opp.

Flere saker fra Mental Helse Sykkylven