Velkommen til digitalt årsmøte
2. mar 2021 Mental Helse Sykkylven

Årsmøte

Da har vi gjennomført vårt fyrste digitale årsmøte. Etter innføring av regler og testing av stemmeavlegging blant deltakarane gjekk det greit å gjennomføre årsmøtet på Zoom.

Mental Helse Sykkylven gjennomførte årsmøte 27. februar 2021. Innkallingen til digitalt årsmøte vart sendt ut innan fristen med saksliste og frister. Det var påmeldt 10 stemmeberettigete og 4 gjester. Frode Lyse fra Mental Helse Stranda var møteleiar. Benjamin Vågen frå Mental Helse Stranda og Helene Tveida frå Mental Helse Skodje/Ørskog var møtesekretærar. Det var vanlege årsmøtesaker og møtet gikk problemfritt. Det var kome inn ei sak under innkomne saker . Dette var ei sak om honorar til styremedlemmar på styremøter, dette blei einstemmig vedtatt. Valkomiteen jobba godt og fekk inn forslag på dei verva som var på val.

Det nye styret består av:
Leiar/Sekretær: Anne Turid Angell Vikstad
Nestleiar: Tone Lillian Christiansen
Kasserar: Stig Ålgårdstad
Styremedlem: Irene Sundholm
Styremedlem: Frode Wærøy
Styremedlem: Ole Andre Hellebostad
1 vara: Terje Mikkel Mundal
2 vara: Elisabeth Nøringset
3 vara: Tore Duestøl

Flere saker fra Mental Helse Sykkylven