Årsmøtet 2023 er gjennomført
Lokallaget heldt årsmøtet sitt på Rauma helsehus måndag 20. februar.
Som vanleg var det godt frammøte, der tretten medlemmer møtte denne gongen. Styreleiar Charlotte Andreassen ønskte velkommen. Etter frammøtte medlemmer var registrert, samt innkallinga og sakslista var godkjent, vart det valt møteleiar og sekretær. Finn A. Hårstad vart valt til å ivareta begge funksjonane.
Møteleiar gjekk vidare på sakslista. Årsmeldinga og rekneskapet vart lagt fram, orientert om, og det vart opna for spørsmål, og begge dokumenta vart godkjent. Det vart opna for innspel til framlegget til handlingsplan som vart vedteken utan tilføyingar. Elles fekk styret fullmakt til å utarbeide budsjett. Det var ingen innkomne saker, og møteleiar gjekk vidare til siste post på møteplanen, val.
Det nye styret vart:
Gunn Helene Andreassen – leiar
Finn A. Hårstad – kasserar
Janny Lynghaug – styremedlem
Lise-Kristin Helle – varamedlem
Revisorar: Elisabet Aandal Hatlen og Ingunn Malones
Elles vart det valt delegatar med vara til fylkesårsmøtet som vert halde laurdag 22. april.
Deretter gjekk fylkesfadder Anna Margrethe Drægebø gjennom fadderpresentasjonen.