Årsmøtet 2022 vel i hamn
Lokallaget gjennomførte årsmøtet sitt 7. mars på Rauma helsehus.
Årsmøtet skulle eigenleg gjennomførast i februar, men så gjekk coviden til angrep på styret og årsmøtet måtte utsetjast. Ni medlemmer møtte, og årsmøtet vart sett. Styreleiar Charlotte ønskte velkommen og tok fatt på konstitueringa av møtet som gjekk greitt unna. Charlotte vart valt til møteleiar og Finn til årsmøtesekretær.
Årsmeldinga fortalde om ein vanskeleg situasjon for lokallaget grunna covid 19 og smittesituasjonen. Men nokre samankomstar og styremøte vart det likevel, og på julebordet var det god deltaking. Rekneskapet synte god økonomisk styring. Frå styret vart det orientert både om årsmeldinga og rekneskapet, samt svara på spørsmål. Årsmøtet godkjende samrøystes årsmeldinga og rekneskapet.
Det vart litt diskusjon rundt framlegget til handlingsplanen som legg opp til mange allsidige aktivitetar. Styreleiar fortalde at Verdensdagen for psykisk helse vert prioritert, og planen er å markere den over ei heil veke i samarbeid med kommunen. Handlingsplanen vart vedteken, og så heldt årsmøtet fram med resten av sakslista.
Siste post på agendaen er val som også gjekk greitt unna, og alle val var samrøystes. Det nye styret med varamedlem fekk slik samansetjing:
Leiar Charlotte Andreassen
Kasserar Finn A. Hårstad
Styremedlemmar: Gunn-Helen Andreassen, Siv L. Ferstad og Fanny Jonassen
Varamedlem: Linda Alette Johannessen
Etter årsmøtet vart det servert pizza til triveleg prat.