Respekt for ulikskap
Menneskeverd handler ikkje om psykisk og mental styrke eller svakhet.
Me menneske er ulike, og menneske som har opplevd tilnærma like hendingar, vil ikkje ha nøyaktig dei same kjenslene knytt til det ein opplever. Kjensler er subjektive. Om kjenslemønster knytt til påkjenningar til ein viss grad er dei same, så har me ulik grad av sensitivitet. Det som for nokre er nærmast problemfritt og lett å komme seg forbi, kan for andre setje seg djupare og vere meir krevande å legge bak seg. Alle vil ein eller annan gong i løpet av livet møte vanskar og påkjenningar. Eit døme som alle før eller seinare vil møte, er det å miste nokon. Oppleve sorg. Ei tilnærma lik hending som i utgangspunktet har same kjenslemønster. Men likevel er kjenslene ulike frå menneske til menneske. Og me vil gå gjennom ei sorg på ulik måte.
Kjensler har ingen fasit. Det er ikkje slik at nokre sine kjenslemessige reaksjonar er rette, medan andre sine ikkje er det. Det vil aldri bli rett å samanlikne seg med andre. Det er ikkje rett å redusere andre menneske fordi om dei ikkje håndterer påkjenningar på same måte som oss sjølve. Det er heller ikkje rett å redusere seg sjølv fordi ein ikkje håndterer påkjenningar på same måte som det ser ut til at andre greier. Me må lære oss å respektere ulikskap. Respektere at me har ulik grad av sensitivitet og kjenslemessige reaksjonar.
Menneska har også ulik grad av mental styrke. Og det er greitt. Det er ikkje rett å forvente at andre skal vere like sterke som ein sjølv. Det er heller ikkje rett å kreve av seg sjølv at ein skal vere like sterk som det ser ut til at mange andre er.
Ofte har me oppleving av at kjenslene våre lever sitt eige liv. Dei oppstår utan at me har kontroll over dei. Og til ein viss grad er det vel slik. Når kjenslene overvelder oss, set me det ofte i samanheng med vår mentale styrke. Me opplever oss sjølve som mentalt svake menneske.
Det som er fint, er at me kan trene opp vår mentale styrke. Me kan trene mentalt på kognitive teknikkar som kan hjelpe oss med å håndtere kjenslene våre. Likevel skal det aldri vere slik at grad av mental styrke gjer nokre menneske betre enn andre.
Menneskeverd handler ikkje om psykisk og mental styrke eller svakhet. Me skal alle ha lov til å vere som me er og reagere som me gjer, også på tilnærma like påkjenningar. Å samanlikne blir ikkje rett. Me skal lære oss å respektere ulikskap frå menneske til menneske. Om me kan finne det vanskeleg å forstå, skal me likevel respektere kvarandre.