13. mai 2019 Psykobloggen

Depresjonen sin stemme fortel ikkje sanninga

Depresjon er som å leve utan fargar.

Å leve utan fargar? Eigentleg er det som å eksistere. Utan fargar. Depresjon er å eksistere i eit tilvære utan fargar. Du veit at verda rundt deg er som den brukar å vere. Verda rundt deg har jo ikkje mista fargane. Du veit at dei er der. Akkurat som vanleg. Men du ser dei ikkje. Når du er deprimert, har du oppleving av at tilværet og verda rundt deg er utan fargar. Ei verd utan fargar, eit tilvære utan fargar – det er ikkje meining i det. Det er trist. Det er mørkt og tungt. Det er fargane som gjev glede. Det er fargane som gjev meining. Det er fargane som gjev glede, meining og kvalitet på livet.

Depresjon er å ha kjensle av at verda rundt deg ikkje vedgår deg. Du kan ikkje sjå deg sjølv i den verda. Depresjonen sin stemme seier til deg at du ikkje er ein del av den verda. Den seier til deg at livet ditt ikkje har meining og verdi i den verda der ute. Du veit at det er depresjonen sin stemme som snakkar til deg om dette. Du veit at dette ikkje er sanning. Du veit at verda rundt deg har alle fargane. Du veit at det er meining og glede til deg i den verda. Du veit at du har rett til å delta i det. Du har rett til å delta i fargar, meining og glede. Men depresjonen sin stemme kan vere veldig sterk og dominerande. Den fyller deg med triste kjensler og mørke tankar. Den greier ikkje å ta frå deg fornuft og intellekt, men den er så dominerande at den kan “kneble” det. Den skaper tunge kjensler i deg, den får deg til å kjenne deg sliten og likegyldig. Det er vanskeleg å kjempe i mot det. For det er slik det er med depresjon. Den tynger. Den tynger psykisk, men den greier også å tynge på ein måte som tek frå deg dei fysiske kreftene.

Depresjon er som å vere i eit fengsel. Du er innestengt i deg sjølv. Du er i eit fengsel der du er både fangen og fangevoktaren. Du er ein fange som vil ut i den fargerike verda. Samstundes er du fangevoktaren som hindrar deg sjølv i å bryte deg ut for å nå den verda. Fangevoktaren er sterk. I depresjonens fengsel er fangevoktaren den med sterkast posisjon. Fangevoktaren mater fangen med negativitet. Fangen mister synet av ei fargerik verd der ute. Fangen mister motet og lar fangevoktaren berre herje fritt, sjølv om fangen innerst inne veit at fangevoktaren er depresjonen sin stemme. Det fangevoktaren seier er ikkje sanninga. Men det kan bli så tungt og slitsomt for fangen å ta opp kampen med fangevoktaren.

Depresjon greier å ta i frå oss det som me med intellektet vårt veit er riktig og sant. Depresjonen sin stemme er sterk og dominerande. Men det er mogleg å overvinne den. Det må me hugse på. Det er mogleg å komme seg ut av depresjon.

Wenche Frantzen

Wenche er leder i Mental Helse sitt lokallaget i Radøy og Austrheim som hun var med på å stifte i 2005. Hun har vært bruker i det psykiske helsevesenet siden 1996. Wenche bruker mye tid på å uttrykke sine tanker og følelser via skriftspråket. Wenche har egen en blogg hvor hun deler tanker, følelser og sin livserfaring.

Flere innlegg fra Wenche Frantzen

Relaterte saker