Årsmøte 2021 er gjennomført
Mental Helse Volda/Ørsta er det første lokallaget i fylket vårt som har gjennomført årsmøte i år. Møtet vart halde i Prestegarden.
Lokallagsleiar Eli opna møtet og ønskte velkommen. Ho vart valt til årsmøteleiar med Heidi som årsmøtesekretær. På møtet vart dei vanleg årsmøtesakene behandla, og til slutt var det val.
Det nye styret fekk slik samansetjing: Leiar Eli Engset, kasserar Rune Olstad, styremedlem Randi Anne Strandmann med Margrete Nærbø som vara. Årsmøtet hadde ei god meiningsutveksling om arbeidet vidare. Det vart teke opp at lokallaget må verte meir synleg, og tiltak vart diskutert. Vidare var årsmøtet opptekne av å få med medlemmer i Ørsta, og vil jobbe for å få representantar frå Ørsta med i styret. På medlemsmøta vil ein arbeide for å ha tema som vekkjer interesse og gjer at folk kjem. Årsmøtet meiner at det er godt tilrettelagt for å veksle mellom å ha møta i Ørsta og Volda då ein har gode lokale på båe stadane. Det nye styret bestemte møtedag for å komme saman og jobbe vidare. Fadder Anna Margrethe var til stades på årsmøtet.