14. feb 2019 Mental Helse Stranda

Noko vi har gjort tidlegare

Her er litt informasjon om kva vi har funnet på, sidan vi starta opp i Mental Helse Stranda

Go-Kart Olsvika

Det gjekk fort i svingane, der enkelte snurra. Men vi var ikkje på ein snurr.
Alle som deltok, kom frå det utan varige men.

Vi har også vert her i lag med andre lokallag også.
Alltid kjekt å treffe den trivlege gjengen, med litt intern konkurranse.

Biljardturnering/ Billjard-spel.

Vi har fleire gongar invitert fleire lokallag, det vi har delt opp i grupper.

Biljard Mental Helse Stranda

Alle får spele like mykje og tre rundar, Det vert talt poeng etter kva kule kvar enkelt får senka,
Summen for kvar enkelt, blir lagt samman etter kvar runde.
Så etter tre rundar kan vi som regel kåre ein vinnar.

Bowling på Kulå i Valldal.
Bowling Kulå

Dette er vel den vi har vert på flest gongar.
ca tjue minutters biltur frå Stranda sentrum så er vi på Kulå Bowling og Pizza restaurant.
Det vert anslått at det er rundt 33% Bowling, 33% Pizza og 33% felleskap som er det som teller.

Frykt og glede- vi minst framleis femte mai i 2015. Da vi frå Stranda reiste
slukøyra heim etter at Mental Helse Stordal sigra over oss i bowling.

Andre ting:

  • Geiranger tur, der nokon vil prøve spelet Snooker, og andre vil sjå seg rundt i Geiranger.
  • Grill turar
  • Lokallagstreff hjå andre lokallag.
  • Open Dag: Treffstad ein fast dag kvar månad, Der ein kan få noko å gjere på.
  • Sjakk – spel. Der ein kan lære å spelet.
  • Maling- med instruksjon om ein vil dette.

Tilbake til framsida

Flere saker fra Mental Helse Stranda