Årsmøtet 2021 er gjennomført
Mental Helse Molde gjennomførte årsmøtet med godt frammøte torsdag 25. februar på Brukerstyrt senter.
Etter velkomstord ved styreleiar Oddrun blei Tonny valt til møteleiar med Oddrun som årsmøtesekretær. I tillegg til dei frammøtte deltok eit medlem på teams. Deretter fekk Anna Margrethe som møtte som fylkesfadder, ordet. Ho orienterte om ordninga med fadder som er etablert for å styrke kontakta mellom fylkesstyret og lokallaga. Vidare fortalde bl.a. ho om kva fylkesstyret arbeider med, og om planlagde kurs som måtte utsettast grunna pandemien.
Deretter losa Tonny årsmøtet med stødig hand gjennom årsmøtesakene. Den fyldige årsmeldinga fortalde kva lokallaget hadde gjennomført i 2020. Revidert rekneskapet synte at lokallaget har god styring og god økonomi. Fast sak er også honorar til styremedlemmene, og noverande godtgjersle blei vidareført. Ei innkomen sak etter § 25.4 blei også vedteken. Etter fastsetting av handlingsplanen, stod behandling av budsjettforslaget for tur. Det blei samrøystes godkjent etter litt diskusjon og endring.
Siste post på årsmøta er val. Valnemnda sine forslag blei vedtekne, og det nye styret fekk slik samansetjing:
Leiar Oddrun Beyer Holm
Kasserar Solveig Jacobsen
Styremedlem Evelinn Vestnes
Styremedlem Terje Mjelve
Styremedlem Hanne Elisabeth Helde
1. vara Anne-Britt Skjelten
2. vara Marianne Hestad Nøsavik
3. vara Anne J. Danielsen Aunan
Styreleiar Oddrun takka dei som gjekk ut av styret og fadderen, heva årsmøtet og årsmøtedeltakarane heldt fram med ei sosial økt med kake og kaffe/brus. (Seinare blir det laga eiga sak med bilde av det nye styret, og orientering om nokre av vala.)