Handlingsplan 2021
Handlingsplan for Mental Helse Vest-Telemark 2021.
Vedteke på skipingsmøte i Kviteseid 16. april 2021
1. Gå gjennom Mental Helse sine målsetjingar og program, og gjera det klårt for styret, medlemmane, samarbeidspartnarane og innbyggjarane i regionen korleis MH Vest-Telemark tolkar dette, kva me ynskjer å leggja vekt på, og korleis me vil arbeida for å nå måla.
2. Etablera faste og trygge kanalar for kommunikasjon med medlemmane. Innhenta synspunkt på «det meste», mellom anna gjennom å samarbeida med medlemmane om pkt. 1 (over). Støtta opp om eller sjølv utvikla tilpassa tilbod som aktivitetsgrupper, osb. og dessutan trygge forum i sosiale medium, for medlemmar og andre.
3. Utvikla samarbeidet med tenestene, mellom anna gjennom å halda fram med regelmessige nyhendebrev. Samarbeida med fleire tenester – NAV, ulike rehabiliteringstenester, osb.
4. Utvikla samarbeidet med organisasjonar og instansar i sivilsamfunnet, til dømes gjennom felles aktivitetar og tilskipingar. Sende nyhendebrev også til representantar for sivilsamfunnet(pkt. 3). Samarbeida med friviljugsentralar der dei finst.
5. Vera til stades på ulike nivå og i ulike samanhengar, så langt det lèt seg gjere. Syna alle innbyggjarane i alle kommunar at Mental Helse er ein organisasjon det er fint å vera medlem i. Stå på stand minst éin gong i året i kvar av dei seks kommunane. Skriva innlegg i VTB , og eventuelt TA og Varden. Byggja oss opp i sosiale medium. Halda fram med å nytta digitale plattformer til møte og seminar, på grunn av geografiske avstandar, avgrensa ressursar og av miljøomsyn, også etter pandemien. Nytta nynorsk i skriftleg kommunikasjon, så langt det er mogleg for oss.
6. Greia ut om korleis me best kan vera ein ressurs for unge menneske. Samarbeida med Mental Helse Ungdom, andre representantar for ungdom, eller starta eige ungdomslag.
7. Få oversyn over kvar ein kan søkja om økonomiske støtte og etterpå utarbeida og senda inn søknader.
8. Arbeida for at menneske med psykososiale utfordringar og funksjonsnedsetjingar kan vera med på alle arenaer. Psykososiale problem kan forståast på ulike måtar, mellom anna som kreative tilpassingar til eit samfunn som ikkje alltid møter enkeltmennesket på beste måte.
9. Kunst, musikk, dans og andre kulturelle uttrykk skal verdsetjast i arbeidet vårt. Det same gjeld sosial turisme og internasjonalt samarbeid – Italia og Etiopia peikar seg førebels ut som moglege land å samarbeida med. Sentralleddet i Mental Helse skal informerast om internasjonale initiativ.
10. Mental Helse er ein livssynsnøytral organisasjon. «Livssynsnøytralitet» er likevel ikkje det same som å vera likegyldig til livssyn. MH Vest-Telemark ønskjer å leggja vekt på at menneske har eksistensielle, og for mange sin del òg åndelege behov. Me vil difor samarbeida med kyrkja og andre aktørar på livssynsfeltet når me finn det naturleg.
11. Mental Helse er ein interessepolitisk organisasjon. Me ynskjer difor å vera ein premissleverandør i helse- og sosialpolitiske samanhengar. Det vil alltid vera eit mål for MH Vest-Telemark å etablera politiske kontaktar
12. Me ynskjer å ha eit godt og ryddig tilhøve til fylkeslaget og sentralleddet i Mental Helse. Samstundes ynskjer me å påverka den overordna plattforma til Mental Helse når det høver. Feltet for psykososial helse er stort og mangslunge. Det vil difor alltid vera behov for gode analysar og nye vurderingar.