12. okt 2020 Mental Helse Etne og Vindafjord

Spør meir!

I podcasten Medvind oppmodar leiar og nestleiar i Etne og Vindafjord alle til å spørje, bry oss, lytte, hjelpe og vere meir nysgjerrig med dei kring oss.

Psykisk helse handlar om korleis tankar og følelsar påverkar våre handlingar og veremåte samt korleis me har det med oss sjølv og dei kring oss. God psykisk helse kan ein oppleve ved å skape ein nokolunde balanse og meistre utfodringane ein står i på ein ok måte. Oppleving av å ha god psykisk helse er individuelt. “Spør meir” er tema for Verdensdagen for psykisk helse i år.

I podcasten oppmodar me alle til å spørje, bry oss, lytte, hjelpe og vere meir nysgjerrig med dei kring oss på ein god måte.

Høyr podcasten her.

Minner om Turmarsjen til Fikse “Gå for psykisk helse” i Etne og Vindafjord kommunar torsdag 15. oktober. Påmelding innan 11. oktober til servicetorget@vindafjord.kommune.no. Grunna smittevern, treng me namn og mobilnummer. Ved behov for skyss, kan ein kontakte Frivilligsentralen i Etne tlf. tlf. 9023 8354 eller Frivillighetsentralen i Vindafjord tlf. 4818 7762. Programmet startar på Fikse kl.15. Alle velkomne!

Flere saker fra Mental Helse Etne og Vindafjord