Årsmøte
Smittevernreglane vart haldne på årsmøtet. (Foto og tekst: Irene Sundholm)
22. feb 2021 Mental Helse Ålesund

Årsmøtet 2021 er gjennomført

Mental Helse Ålesund gjennomførte årsmøtet sundag 21. februar på frivilligsentralen i Ålesund med bra frammøte.

Styreleiar Arild ønskte velkommen og konstituerte årsmøtet. Arild vart valt til møteleiar med Anne Lise som sekretær. Deretter orienterte fylkesfadder Irene Sundholm om fadderordninga og viktige oppgåver fylkeslaget arbeider med. Fadderen fekk nokre spørsmål, og det kom fram ønske om kurs.

Arild, Anne Lise og Mary Kristin las årsmeldinga. “Pusterommet” vart trekt fram som det viktigaste arbeidet dei utfører i lokallaget. Lokallaget nyttar mest facebook og instagram, men er ikkje så aktive på nettsida då den opplevest som vanskeleg å bruke. Mental Helse Ålesund har fleire følgjarar enn Mental Helse Oslo. Det vart også teke opp at det må jobbast meir for å få fleire medlemmer. Gjennom heile møtet gjekk praten lett til pizza, kaffe og brus.

Det nye styret fekk slik samansetjing:
Leiar Arild Kvamme
Nestleiar Mary Kristin Grønvik
Kasserar Svein Honningsvåg
Sekretær Solfrid Vestnes
Styremedlem Marthe Eide
Varamedlem Isabell Halsen

Arild takka Anne Lise Mikkelsen Tellnes og Liisa Kaarla som gjekk ut av styret for innsatsen med gåve.

Flere saker fra Mental Helse Ålesund