10. okt

2021
Mental Helse Sunndal

Foredrag med Oddvar Vignes, «Finn deg sjølv, før andre gjer det»

Kl. 17:0020:00 Støgu v/Sunndal kulturhus

Det er 12 år sidan Oddvar vart skriven ut av Ullevål sjukehus. Den morosame i gjengen, han med dei gode kommentarane, hadde prøvd å ta sitt eige liv. Familie og vener var i sjokk, korleis kunne dette hende?

«Finn deg sjølv, før andre gjer det», er eit foredrag om kor viktig det er å vere ærlig med seg sjølv. Med hjelp av mykje humor og varme, fortel Oddvar kva det tek av tid, fellesskap og vilje til å komme attende. Om ei reise mot slutten som vart starten til noko nytt. Om livet, og kva moglegheiter me har, om me berre finn oss sjølve.

Oddvar Vignes er 41 år gamal, gift og bur på Finnøy i Rogaland. Oddvar er ein erfaren foredragshaldar og underholdar,i tillegg til sauebonde og EMBA-student. Han er kjent frå program på NRK, TV2 og TVNorge og kronikkar i mellom anna VG, Aftenposten og Syn og Segn. Bok om eigen historie kjem ut på Samlaget i løpet av våren 2022.

Mental Helse Sunndal

Leder:
Marianne Johnsen
6600 Sunndalsøra

Mob.: 90797047
E-post: Sunndal@mentalhelse.no

Vipps:
523883
Konto:
4213 19 36103
Org.nr.:
994 820 516

Organisasjonsrådgiver:
Sølvi Hagen
soh@mentalhelse.no
+ 47 976 86 279

Leder:
Marianne Johnsen
Nestleder:
Eva Røskarhaug Reitan
Sekretær:
Terje Gravem Storholt
Studieleder:
Terje Gravem Storholt
Kasserer:
Kjersti Røskar