Verdsarvtur
Vi reiser til Geiranger, går fossestien til Norsk fjordsenter. Det er 327 trappetrinn å gå opp og tidsbruken er ca 20 minutt. Stigninga er 90 høgdemeter. Vi besøker fjordsenteret som har ope kl. 10:00 – 16:00. Etterpå kan dei som vil gå på kafe og kjøpe seg mat. Elles er det råd å besøke Geiranger Outlet med sportsklede. Vi reiser med ferja som går kl. 10.15 frå Linge til Eidsdal. Ikkje-medlemmer kan bli med, men betaler reisa.