Tilstandsrapport 10.08 2015
Kim Solvang Andersen: I natt la eg meg klokka 03:00. Vi slokte ljoset 04:00, eller deromkring. Vi les alltid på sengekanten.
At eg la meg så seint, er iogfor seg ikkje eit sjukdomsteikn hos meg – eg er nemleg, og har alltid vore, eit enormt B-menneske. Sjukdomsteiknet gjer seg derimot gjeldande i dei enorme vanskane eg for tida har med å sovne, og dei mange gongane eg vaknar i løpet av natta. Eg sovna rundt om kring klokka seks, og vakna (iallefall nok til å vere bevisst) fire gonger i løpet av den relative søvnen. Første gong eg vakna var omlag ein time etter at eg hadde sovna. (Klart det blir veldig mykje “omlag” og denslags – eg held ikkje heilt styr på kva klokka er når eg vaknar, sovnar og slikt.) Då låg eg vaken i ein time før eg sovna igjen. Etter det fulgte tre kortvarige oppvakninger – eg sovna kjapt igjen, men søvnen blei naturlegvis avbrutt så hyppig og heftig at noko djup søvn overhovudet ikkje ville vise seg.
Klokka 12:00, eller deromkring, sto eg opp. Eg veit ikkje kor lenge eg har sove tilsaman i natt, men det er sjølvsagt ikkje nok. Eg veit også at dette vil gi seg – slike periodar har eg hatt mange gonger før, og dei har alltid gitt seg. Det forandrar naturlegvis ikkje ubehaget som kjem som eit følge av vanskeleg innsovning og dårleg søvn, like lite som det forandrar kor mykje det er i stand til å påvirke funksjonsevna mi resten av dagen. Men kva kan liksom gjerast? Eg er ikkje interessert i medisin, uansett kor kortvarig, for å få sove. Min eigen staheit ser ut til å stå i vegen for at eg skal få god søvn i denne perioden. Men overmedisinering tenderar kanskje til å vere eit nokonlunde stort problem innan psykiatrien? Heilt ærleg veit eg ikkje. Det er åpenbart ikkje tvil om at ein god del av psykiatriske pasientar treng medisinar, meg sjølv inkludert.
Problemet er, trur eg, å finne dei riktige medisinane for kvar pasient, og at pasienten sjølv blir høyrt når det gjeld medisinane. Det hjelp ikkje å dempe bivirkningane av ein medisin med ein ny medisin, også vidare. Er bivirkningane av ein medisin ei plage burde ein prøve ein ny medisin, eller noko anna enn medisinering. Eit forholdsvis lite fåtall innan legemedisinen er altfor glad i å dele ut medisinar i hytt og pine er mi erfaring. Istadenfor behandling av sjukdomen/sjukdomane ser dei ut til å berre ville behandle symptomane. Som, i korte periodar, heilt definitivt og utan tvil er både til hjelp og naudsynt, men i det lange løp hjelp det ikkje i det minste. Det er iallefall mi erfaring med ymse medisinar, sjølv om eg skal innrømme at eg ikkje har vore bortpå så veldig mange forskjellige.
Mitt største problem er at ein del av medisinane eg har fått utlevert iallefall har dempa symptomene, men i same stund gradvis, og ganske enormt, forandra personlegdomen min til det negative. La meg også påpeike her at eg ikke reknar sjukdomane mine som ein del av min personlegdom – dei er separert frå den, dei er sine eigne entitetar og eg vil ikkje la meg definere av dei. Så når ein medisin då fjerner dei symptomene den seier den skal fjerne, men i same stund gjer den ellers relativt oppegåande hjernen min til ein sløv graut av trøytte tankar og sløv reaksjonstid er den, for meg, ikkje verdt å bruke. Då forventar eg, naturlegvis, at helsetjenesten skal høyre på dette snarare enn å insistere på at eg skal fortsette å bruke den, eller prøve å prakke på meg fleire medisinar.
Eg trur absolutt at medisinar kan vere både til hjelp og til nytte, og ikkje minst bra for dei (meg inkludert) som treng dei, men det må vere riktig medisin, og pasienten sjølv må bli høyrt kva medisin angår. I dei aller fleste tilfellene blir pasienten høyrt, som seg hør og bør, men det er ikkje alltid tilfelle. Og det er desse få tilfellene (med unntak av ekstreme situasjonar som definitivt krever ei viss bruk av tvang, men det er ein anna diskusjon) ein burde fokusere på når det gjeld diskusjonen kring medisinering kontra anna behandling. La meg også tilføye at eg, med “anna behandling” ikkje siktar til holistisk behandling, men samtaleterapi, kognitiv terapi og denslags.
Kim Solvang Andersen er deltids-pønker, ordsjonglør og musikkfantast fra Sandnes. Bokdebuterte i 2014 med tekstsamlinga Memoria. Har egen blogg: Billigfiksjon.