2. jul 2015 Psykobloggen

Psykiatri i skulen

Maria Nerem Notø: Eg kan personleg ikkje huske at psykiatri blei nevnt ein einaste gong gjennom min skulegong.

Av Maria Nerem Notø

Er ikkje det rart, at ungar ikkje skal kunne noko om slikt? Vi alle har hatt gym på skulen, der blir det undervist om fysisk helse, men der er ingen tilsvarande opplæring om psykisk helse. Alle må ta tiltak for å ha bra fysisk helse, og slik er det og med psykisk. Gjennom opplysning om mental helse kan vi gjere det lettare for ungar å skjøne om noko er gale i heimen. Det kan gjere jobben enklare for lærarar, Pedagogisk Psykologisk Tjeneste (PPT), Barne- og Ungdompsykologisk (BUP), og barnevernet.

Ungar veit ikkje kva som er normalt og kva som er unormalt. Ungar veit berre akkurat det dei ser heime. Det er normalen. Dei fleste unge veit at viss foreldre tyr til fysisk vold, er noko gale. Vi blir opplært til å ikkje slå. Ikkje bite. Ikkje sparke. “Slutt å spise so masse, du er feit.” Kva viss pappa seier dette til den 12 år gamle dattera si? Som ikkje ein gong er overvektig. Veit jenta at det er feil? Veit jenta at pappaer skal ikkje seie slikt til jentene sine?

Viss mamma seier at du, ein 10-åring, ikkje skal på skulen i dag, for i dag skal du vere heime og passe småsyskena dine, og so du huske å lage middag til ho er tilbake. For det er no din jobb. Veit du at dette er gale? Mammaer skal passe på ungane sine, du skal berre vere ein unge du. Det er din jobb. Dette er no ganske milde tilfelle. Men i ein del saker veit ungar ofte at noko er feil heime. Men dei kan ikkje heilt seie kva.

Angst, depresjon, søvnproblem, sjølvskading og spiseforstyrringar er dei vanlegaste plagene for psykisk sjuke tenåringar. Tal frå ei undersøking utført i 2013 av Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) viser at ein av fem jenter i 10-klasse er plaget med  depresjonKrava til utsjånad, skuleprestasjonar, sunnheit og trening er kontinuerlege og skyhøge. For nokon av ungdommane blir dette tilveret altfor vanskeleg, og det bikkar over. Dei blir sjuke, seier Sverre Nesvåg som er forskningsleiar ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning i Helse Vest (KORFOR) i ein artikkel i Bergens Tidene om Rus og Helse. Forebyggande arbeid kan være ein måte å hjelpe dette på.

Mange ungdommar opplever stort press. Vi må nå ut til dei so dei veit kva som faktisk kan bli forventa av folk. Det å trene 5 dagar i veka, få berre 6 på prøver, fest kvar helg,  gjerne ha ein jobb i tillegg og helst vere politisk aktiv. Det er fantastisk at nokon klarer alt dette. Men at standarden blir sett so høgt øydeleggjer sjølvbildet til alle som ikkje kan gjere alt.

Det er selvfølgelig supert om du får til alt i heile verda; om du kan nevne alle hovedstadar i heile verda og sjonglere sinte løver mens du går på flammar. Men, det burde ikkje være det du føler du gjere.

Fleire og fleire unge slit psykisk. Hjerner må få kvile. Dei må sleppe å ha press på seg og bekymre seg for ting heile tida. Hjerner med blir slitne. Om du er stressa ein heil dag er det som å tvinge hjerna di til å jogge ein heil dag. Mange blir for slitne av dette, og mangestrekkjer ein muskel og må bli sjukmeldt ei stund.Restitusjonstid er viktig for heile kroppen.

Skulen burde vere ein arena der unge lærer å forstå kor stor betydning mental helse har i livet til folk. Dei aller fleste klasserom vil eg tru har minst ein elev som treng hjelp frå PPT eller BUP.

Tabuet rundt psykiatrien kjem allereie her. 
Eg huskar sjølv at ingen i mi klasse visste noko om kva PPT og BUP dreiv med, ingen andre enn dei som sjølv var innom der for hjelp. Alle andre såg på det som ein plass du gjekk til visst du ikkje kunne å oppføre deg på skulen. Det var allereie her ein ting vi ikkje snakka om.

Der burde vere betre informasjon om begge desse instansane. Det blir umiddelbart mindre skummelt og rart når alle veit kva det er. Alle veit at å ta ein tur dit er tilsvarande til å måtte gå til legevakta ein dag. For å sjekke kva som er gale og prøve å hjelpe på det.

Vi kan bygge opp eit meir ope og mindre skeptisk samfunn. Men vi må starte med dei unge, opne hjernene. Desse er framtida. Dei byggjer opp toleransa for komande generasjonar.