7. apr 2016 Psykobloggen

Informer oss, for faen!

Kim Solvang Andersen:
Stigma og manglande forståing kring psykiske lidingar går som ein grasbrann gjennom samfunnet. 

Av   Kim Solvang Andersen 

Folk ser ikkje ut til å ha den minste grad av kunnskap kring dette, til tross for at det ikkje akkurat er kva ein vil kalle eit nytt fenomen. Folk tenderar til å tru at psykiske lidingar anten er desperate og (til slutt) tafatte skrik etter oppmerksomheit, pur løgn eller berre eit teikn på eit svakt sinn. Spesielt dersom lidingane manifesterar seg i tenårene. No har eg sjølvsagt full forståing for at det er vanskeleg å diagnostisere nokon skikkeleg i tenårene, når puberteten står på som verst og alt er ei bombe og eit gasskammer av hormoner og ei jakt på eigen identitet.

Likevel: at psykiske lidingar ikkje finst, sjølv blant pubertale og emosjonelle tenåringar, er vrøvl og fanteri av ypperste klasse. Helvete heller; å diagnostisere nokon skikkeleg ser ut til å vere enormt vanskeleg sjølv i vaksen alder. Ein er meir enn ei diagnose. Personlegdomen må også bli tatt med i berekningen.

Kommentarfeltene under artiklane i nettavisene er ein smeltedigel av fordommar og dårleg skjult hat, same kva innhald artikkelen har. Det er uhyrleg skummelt å sjå kva anonymitet kan føre med seg. Det finst alltid dei som skrik og ber seg og trekk slutningar og konklusjonar som ser ut til å vere fullstendig blottlagt for einkvar form for fornuft, logikk og medmenneskelegheit. I nyare tid er det klart at det er innvandringen som har vore størst offer for slike nakne fordommar. Men eg vil fokusere på psykisk helse i dette innlegget. Fordi det er det eg skriv om. Og fordi det er det eg har kjent på kroppen. Og i hovudet.

For det første: det er smertefullt få artiklar publisert om psykisk helse, samstundes som det blir snakka om og fortalt at angst og depresjon har blitt dei nye folkesjukdomane. (For ordens skuld – dette trur eg har vore nemnt, av og på, i nært oppimot femten år, om ikkje meir.) Dei artiklane som er publisert er, i hovudsak, anten publisert i tidsskrifter som omhandlar psykisk helse eller skrive av dei som faktisk arbeider med psykisk helse. I-og-for seg er dette positivt, så klart, men saknet etter breiare, og ikkje minst meir nøktern(!!) opplysning står heilt klart for meg.

Vi treng fleire artiklar og meir interesse frå pressen angåande dette temaet. Stigmaet og fordommane kan berre beseirast gjennom nøktern og fornuftig spredning av fakta og informasjon. Spesielt kunne eg tenkt meg langt fleire artiklar, kronikkar, intervju og ytringar frå pasientane sjølv – brukererfaring tel langt og lenge. (Og lenger enn langt). NRK har gjort ein forholdsvis god jobb, i mine auger. Sjølv om det framleis er ein lang veg å gå.

Avisene har blitt tabloide. Er det skrive noko om mental helse er det i hovudsak berre når det gjeld grov kriminalitet. Og sjølv då er det som oftast spekulasjonar og “clickbait”, skrive for å tvinge fram mest mogleg klikk. Frykt sel. Frykt for det framande er så menneskeleg at innimellom skjemst over å vere menneske. Frykt for det framande sel aviser og klikk. Og psykiske sjukdomar er framande. Sjølv om eg ikkje kan fatte og begripe kvifor det skal vere slik.

Det er sjukdomar. Dei er vanskelege nok å hanskast med i utgangspunktet, om ein ikkje skal bli slått døren i andletet og bli kasta på hovudet og ræva ut av det gode samfunn når ein våger å nemne at ein er sjuk. (Eg fekk ein gong ein skjennepreiken frå ein framand person fordi eg ikkje våga meg ut på nasjonaldagen. Dette er ikkje det grovaste eg har opplevd.)

Problemene kring psykisk helse er korleis ein blir møtt. Ein har desse skumle og (nær sagt) usynlege sjukdomane. Og dei finst i hovudet, i tankane, i nervesystemet. Dei er ikkje somatiske, ikkje fysiske, men sit i personlegdomen, i affektreguleringen, i sjelen, anden, bevisstheiten, kall det kva du vil. Folk flest veit lite til ingenting om dette. Og ser ut til å møte det med anten generell mistru eller redsle. Eller helst begge deler. Som pasient burde ein kunne fortelle, enkelt og greit, at ein er sjuk. Om temaet skulle kome opp.

Det burde vere like enkelt, og like greit forstått, å ikkje orke noko på bakgrunn av ein psykisk sjukdom som det er å ikkje orke noko på bakgrunn av fysisk skade eller sjukdom. Ein ber ikkje ein som sit i rullestol om å karre seg opp trappen på eigen hand. Forvonedleg har dei fleste offentlege bygg ramper eller heis for å hjelpe dei, legge ting til rette, gjere det enklare. Som seg hør og bør, naturlegvis. Så kvifor skal ein ikkje legge meir til rette for mennesker som slit psykisk?

Eg snakker sjølvsagt ikkje om å få alt servert på gullfat. Eg snakker ikkje om at ein skal bli forskjellsbehandla på skule eller arbeidsplasser – eins arbeid skal bli vurdert på same vis som andre sitt arbeid – eg snakker om at det skal tilretteleggast, at arbeidsplassen, medrekna skulane, skal gjere det lettare for studentane eller arbeidarane å kome seg gjennom dagen, klare oppgåvene, fullføre utdanningen. Eg snakkar om det eg liker å kalle “mentale rullestolheiser”.

Eit viktig steg for å bli friskare frå ein psykisk liding er å jobbe aktivt med den. Eg slit sjølv med enormt kraftig angst. Eg får alvorleg kraftige panikkanfall, som lyn frå klar himmel. Dei kan kome kva tid som helst, og kor som helst. Desse anfallene er sjølvsagt kraftigare og verre når eg er i ein veldig stressa periode. I 2015 gjekk eg rundt i ei tåke av perpetuell panikk. Det begynte i juni, 2015. Og har no, 25 januar 2016, endeleg begynt å roe seg. No må det så klart nemnast at det ligg fleire ting til grunn for dette enn “berre” ein angstliding.

Men eg vel å fokusere på angsten, for det var den eg oppfatta som fullstendig invalidiserande. Til tross for at denne angsten gjorde sitt beste for å nagle meg fast til den relative mentale tryggleiken i leiligheten min, forlot eg leiligheten kvar dag. Ein må jobbe aktivt med sjukdomen. Dette seier seg sjølv.

Likevel synst eg ikkje det er for mykje forlangt at det skal bli tilrettelagt og ikkje minst forstått! Vegen mot mentalt velvere er så full av kryss, overgangsfelt, telehiv, trafikkljos og liknande at den best kan liknast med ein dårleg generert vestlandsveg. Og med tanke på korleis ein blir møtt, både av helsevesenet og det øvrige samfunnet, er det ikkje rart at dei fleste vel å holde seg heime, holde sjukdomen skjult, og i same slengen bli sjukare grunna manglande eksponering og forståing.

Det er nettopp der skulane har eit ansvar. Mental helse burde vore eit eige fag, frå-og-med grunnskulen. Det er eit undervisningsansvar som ikkje kan skubbast under teppet og gløymast. Stigmaet er for kraftig og for stort til det. Som psykisk sjuk får ein rett som det er kjeft for å våge å snakke åpent om at ein er sjuk. Strofer som “det er berre å ta seg saman”, og verre, er så mange og så overveldande at det fortonar seg for meg som fullstendig åpenbart at vi, som samfunn, ikkje har det fjernaste begrep om kva det eigentleg vil seie å vere psykisk sjuk, uansett kor inkluderande vi prøver å vere.

Det er ikkje berre å “ta seg saman” når ein har pådratt seg kreft. Det er heller ikkje å berre “ta seg saman” om ein har pådratt seg ein fryktsam psykisk liding. Vi treng å lære meir, som samfunn. Helsevesenet treng å lære meir. Vi treng informasjon. Opplysning. Kunnskap. Forståing. Vi treng å rive ned stigmaet og fordommane, byte det ut med sunn fornuft og faktisk sanning.

Informasjon og opplysning er vegen å gå – artiklar i avisene, kronikker og intervju. Å våge å innsjå ovenfor seg sjølv, og fortelle til andre, at ein er sjuk. At tankane ikkje er skrudd heilt rett saman. At den kjemiske balansen i hjernen ikkje er som den skulle vere. At nervane innimellom ligg på utsiden. At ein ikkje makter så mykje. At depresjon er meir enn å berre føle seg trist. (Sjølv om det å føle seg trist er forferdeleg.) Meir informasjon på skulane, tilrettelegging, forståing, forklaring, mindre stigma. Samfunnet sitt syn på psykiske lidingar må rivast opp med roten, vendast på hovudet og bli planta på nytt.

Informer oss, for faen!

Kim Solvang Andersen er deltids-pønker, ordsjonglør og musikkfantast fra Sandnes. Bokdebuterte i 2014 med tekstsamlinga  Memoria. Har egen blogg:  Billigfiksjon.