21. mai 2015 Psykobloggen

Et slag for framsnakking

Renate S. Tytingvåg: I dag slår eg eit slag for framsnakking. Eg oppfordre deg til å framsnakke nokon dei næraste dagane, det kan nemleg lett bli ein vane.

Av Renate S. Tytingvåg

Me var ikkje gamle då me lærte kva verbet å ’baksnakke’ var. Det var å snakke stygt om andre, bak ryggen deira, noko som me sjølvsagt skjønte at me ikkje skulle eller burde gjere. Likevel har alle gjort det ein eller hundre gongar. Nokre gongar føler me me har god grunn, andre gongar kan det vere for å delta i det dei andre ein er med snakkar om.

Det å lure på om ein vert baksnakka er inga god kjensle. Minst like kjipt er det å vite, anten at ein snappar opp kva som vert sagt eller ein høyrer det via andre. Truleg har dei fleste opplevd å verte baksnakka, meg sjølv inkludert. Og eg kan skrive under på at ei verre kjensle finst vel knapt …

Kvifor gjer me dette, når me veit korleis det følest? Kva rett har me til å få andre til å føle seg elendig? Å skrive om dette er som å kaste stein i glashus, for baksnakking skjer diverre frå tid til annan. Me er trass alt berre menneske, og når me opplever at nokon gjer noko me er sterkt ueinige i eller noko som kjennest urettferdig, er det lett for at ein seier noko om andre som ein ikkje burde seie. Ungdomar er i ein sårbar periode, der det er særleg viktig å verte akseptert for den ein er.

Baksnakking kan vere ein måte å setje seg sjølv i eit godt lys, eller andre i eit dårleg. Det er dermed ikkje sagt at det berre er ungdomar som baksnakkar, langt i frå. Dette fenomenet gjeld sjølvsagt oss vaksne òg, og det er me som er rollemodellane for born og ungdom, det er difor kvar enkelt samfunnsborgar sitt ansvar å tenkje gjennom si eiga framferd.

I dag slår eg eit stort slag for framsnakking. Det har eg gjort før òg, men no tenkte eg å gå litt meir i djupna. Som tidlegare nemnt lærte me tidleg kva baksnakking var. Framsnakking, derimot, er eit relativt nymotens ord. Det er rett og slett ein mann frå Andøya, ved namn Svein Spjelkavik, som er mannen bak namnet. ABC Nyheter skreiv om han og historia bak ordet hausten 2010, heile teksten kan du lese  her. Her fortel han om den spesielle hendinga som fekk han til å kome på ordet ’framsnakking’, som etter kvart vart ein del av vokabularet hans.

I september 2010 hadde Facebookgruppa Framsnakking nærare 120 000 medlemar. No, fire og eit halvt år seinare, har gruppa godt over 221 000 personar som “likar” sida. Svenskar har hengt seg på og har ei “Framtal”- gruppe, og danskane har en “Framtale”-side på Facebook.

Kva er eigentleg “framsnakking”? Språkrådet såg i 2010 på tre moglege definisjonar:

a) å snakke fint om nokon bak dei

b) å snakke fint om nokon framfor dei
c) å snakke stygt om nokon framfor dei

Som Språkrådet òg skriv: “(…) opphavspersonene sier at framsnakking er å snakke varmt om noen i motsetning til å baksnakke dem.” No, fleire år seinare, når ordet er rimeleg etablert, veit me at c) kan utelukkast. På Facebookgruppasida som eg nemnte tidlegare, står det at intensjonen er å “(…)snakke positivt om mennesker som ikke er tilstede.” Heile teksten til Språkrådet finn du  her

For meg personleg er det fullstendig likegyldig om framsnakking vert nytta som a) eller b). Det viktigaste er at ein snakkar fint om andre! Ein positiv omgangstone hjelper både enkeltmenneske og fleire menneske samla, som eit minisamfunn, til dømes ein klasse. Difor har desse få orda som står på ein liten plakat i klasserommet vårt, fulgt klassen min gjennom heile ungdomsskulen: «Vær positiv, vis respekt!»

Tankegangen som ligg til grunn for framsnakking er gamal. Som Ivar Aasen- tilhengjar har eg den gleda å informere deg om at Aasen hadde med ordet “framtalande” i Ordbog over det norske Folkesprog, som kom ut i 1850 (lenkje til  kjelda). Der var definisjonen på å vere framtalande at ein sa det ein meinte beint fram. Det gjer ein jo om ein framsnakkar på 2015-vis òg, ein berre legg til at det skal vere positivt. I dagens samfunn treng ein ikkje framsnakke verbalt om nokon, ein kan til og med blogge framsnakking. Som då eg framsnakka ein bokhandel på Bryne som har gjort noko eg lenge har lengta etter. Det les du om  her.

For å samle nokre trådar, kan eg oppsummere kort kva framsnakking er for meg personleg. Det er å snakke positivt om ein annan person, uavhengig av om det er bak eller foran personen. Kvifor skal ikkje han/ho få vite det om eg seier noko positivt? Når ein framsnakkar ein person, viser ein faktisk samstundes at ein bryr seg om ein annan, noko me har fokus på på ungdomsskulen eg jobbar på no. Me hadde nyleg ein heilt fantastisk dag der dette var fokuset gjennom heile skuledagen. Alle elevane (om lag 450) skreiv namna sine rundt det store slagordet som er sentralt plassert der elevane plar tilbringe friminutta.

For meg er framsnakking kjempeviktig, og ei bevisstgjering rundt dette gjer alle godt. Om du er einig, vil eg oppfordre deg til å framsnakke nokon dei næraste dagane, det kan nemleg lett bli ein vane. Kven tener på det? Absolutt alle involverte! Du vil garantert gjere dagen betre, både for han, ho eller dei du framsnakkar og deg sjølv.

Vil du dele dette innlegget med nokon som treng inspirasjon, gjer gjerne det! Om eg får ein av dykk til å framsnakke nokon du ikkje hadde tenkt å framsnakka, då er målet mitt nådd.

Ha ein framsnakkande dag! :-)

Renate S. Tytingvåg er lærer og har sin egen blogg, Gardsfruen.