9. jun 2015 Psykobloggen

Eg må gipse tankemønsteret mitt

Maria Nerem Notø: Alle snakkar om åpenheit og ærligheit om psykisk helse. Men ingen mener det. Kvifor er dette noke meir teit å snakke om enn at eg braut ein fot. Eg har diagnosa bipolar. Det er eg open om. Og det burde være greit.

Av Maria Nerem Notø

“Lat det ikkje være tabubelagt noko lenger!” Det seier desse inspirasjonsbilda som blir delt på alle sosiale media. Alle snakkar om åpenheit og ærligheit om psykisk helse. Likevel er det heilt normalt å skrive “Åå, braut foten på tur no I helga, jaja … sjukehuset ei stund!”. Heilt greit å dele dette med alle, folk du kjenner, ikkje kjenner, tilfeldige folk som kanskje følger deg på eit sosiale medier. Sett du deg derimot ned og skriv noko som “Åå, knakk skikkeleg sammen etter ei stressfull tid I livet mitt … jaja … Innlagt på psykiatrisk avdeling ei stund!” Det, er krise. Det snakkar dei om når dei møter kvarandre på butikken, som om du skulle ha sett deg ned og tegna et pentagram på golvet til bestemor i 70 års-selskapet og prøvd å tilkalle ein demon.

Det blir skrive masse om å avskaffe tabuet. Alle deler innlegget. Supert. No veit alle at det burde være avskaffa. Og dele eit innlegg på sosiale medier betyr ingenting, måten du oppfører deg når du blir møtt med dette i kvardagen er det som teller. Eg er ein av dei personane som sminkar meg, kler på meg noko fint, og tek meg sammen før eg går ut døra om morgonen. Til og med visst eg inni meg har det dårlig. Det merka eg fort var ein dårleg idé både når det kom til NAV og til legen. Visst eg ville dei skulle ta det at eg trong hjelp seriøst, måtte eg dukke opp i joggebukse, med rufsete hår og usminka. Då var eg sjølvsagt sjuk. Det såg no dei.

Eg gikk til NAV, der har eg hadde mottatt hjelp i fire år allereie. Eg klarer ikkje å halde ein fast jobb. NAV kontakta mi seier det som det er:

– Eg ser at du er sjuk, eg ser at du treng hjelp frå oss vidare. Men vi må bevise det for dei som skal behandle søknaden din. Vi må bevise at du er psykisk sjuk.

– Kordan gjer eg det ..? Dei har no uttalelse frå psykiater. Kordan kan eg bevise det noko særleg meir?

– Kanskje du kunne ha gått ut i jobb, for å bevise at du ikkje klarer det?

– Men sist eg gjekk ut i jobb, jobba eg meg sjuk … Eg var tungt deprimert i to år før eg klarte å nesten fungere igjen … Du kan ikkje meine at det er den beste måten å bevise det på? Må eg gjennom det igjen?
– Sist du blei dårleg av det var det ingen som dokumenterte det bra nok. So vi treng meir bevis. Vi treng at du er sjuk menst nokon ser på.

Etter det møtet var der ikkje masse energi igjen. Eg tenkte at fastlegen min må kunne hjelpe. Han måtte kunne forklare dei at dette ikkje var ein bra måte å gjere det på. Legen forklarar at han kan ikkje anbefale at eg ikkje burde jobbe. For han har berre vært legen min eit par år. Han kan ikkje vite at eg kjem til å være dårleg for alltid. Eg prøvar og seie eg har vært sjuk i 24 år til no. Det er kanskje litt drøyt positivt å tenke at det går over med det fyrste. Nei, der var ikkje meir å gjere med det. Han kunne ikkje hjelpe. Det var fram og tilbake, frå kontor til kontor, møte til møte, og eine innvilga tiltaket etter det andre. Men eg kom ingen vei. Eg fekk fortsatt midlertidig støtte, til mitt midlertidige liv, der eg var midlertidig trygg. Alt dette midlertidige hjalp ikkje, det var slitsomt og tungt å aldri vite om eg hadde råd til å betale regningar neste mnd.

Etter alt for mange år slik, blei det til slutt for masse for meg med. Eg blei innlagt på psykisk avdeling. Folk visste ikkje kva dei skulle seie. “Du som virkar so frisk!” var ein standard. Og “du ser no so bra ut!”. Eg var longt i frå den sjukaste som var inne på avdelinga eg var på. Men på ein rar måte var det greit å være der. Der var det ingen som gikk ut i frå at eg hadde det bra berre fordi eg klarte å stå opp ein dag. Ingen tenkte “Å no er ho sikkert frisk igjen, for ho ser no ikkje sjuk ut!”. Alle visste det handla ikkje om kordan du såg ut utvendig. Alle visste det ikkje betydde noko.

Når eg var ute igjen valgte eg å være open om kva som hadde skjedd.

– Hei Maria! Kvar har du vært I det siste, har ikkje sett deg på ei stund!

– Hey, var innlagt på psykisk avdeling, so har ikkje gjort noko stort egentleg. Du da?
   Blikka eg fekk var på same tid som fantastisk underholdande, ganske irriterande. Dei fleste klarte ikkje fullføre ei setning etter eg sa det. Dei stod der, som hjort fanga i lysa frå bilen min. Og stirra. Stirra lenge, og kleint. Før dei klarte å samle sammen eit par ord for so å unnskylde seg å gå vidare.

Kvifor er det so gale? Kvifor er dette noke meir teit å snakke om enn at eg braut ein fot. Eller att eg hadde bronkitt. Nei. Eg har diagnosa bipolar. Det er eg open om. Og det burde være greit. Masse folk visste om at eg var bipolar frå før. Men til og med dei fleste av desse folka, folk som seier “det er so bra du snakkar om det, Maria!”. Til og med dei synest det var ubehagelig at eg sa eg hadde vært innlagt.

Folk ser på meg som om eg kvart augeblikk kjem til å bli psykotisk og knivstikke dei. Folk ser på meg som om eg “er” sjukdommen min. Og dette er dei samme som seier det ikkje burde være tabu å snakke om. Kvifor trur du det er noko få velg å snakke om? Kvifor trur du folk sjemst?

Eg var innlagt. Eg blei frisk igjen. Den mentale gipsen er tatt av. Du kan slutte å tru eg fortsatt har brukke noko.

Av Maria Nerem Notø